Nyhende mai 2000

Gåve frå
Fleire og fleire ser med interesse på planane våre for landbase, og vi har no fått den gledelege meldinga frå FSF,Atløy sitt gamle reiarlag, om at dei ynskjer å støtte arbeidet mot landbase med 20.000,-

Ein samarbeidsavtale vil bli sett opp, som mellom anna inneber at FSF frå neste sesong også vil bli agent for salet. I dag er det berre Vestkysten Reiseliv som har slik avtale.

Besøk Fylkesbaatane på www.fylkesbaatane.no

Florø 29/05/00 

 

Kr. 60.000,- frå

Gåvenemnda i Sparebanken Flora-Bremanger har vedteke å  løyve 60.000,- av dei såkalla millenniumsmidlane til landbase for M/S Atløy. Sparebanken finn planane om ein landbase for Atløy svært interessante, og håper at vi også tar kontakt med Svanhild for evt felles prosjekt. Dette har heile tida vært intensjonen, og vi arbeider vidare, no med ein enno betre ryggrad og eigenkapital.

Sparebanken Flora-Bremanger har lenge vore ein aktiv støttespelar for kystkulturen og har mellom anna vore svært engasjert i miljøet rundt Svanhild. Vi er sjølvsagt svært glade for gåva, og håper dette kan sette fart i prosjektet.

Besøk banken på www.flobrebank.no

Florø 26/05/00 Sander  

 

Originale kart  
Vi har ei tid vært på jakt etter kartet som hang i gangen på styrbord side. Dette har endeleg lukkast, og kopi vil bli tilsendt frå Nasjonalbiblioteket i Oslo. Kartet heiter ”Vestlandets Fjorder” og vart trykt i 1952.

Florø 15.05.00  Sander  

 

Endeleg sertifisert !!!     
Etter det som har fortona seg som 13 endelause månadar utan sertifikat, er no sertifikatet endeleg på plass. Dessverre var vi nøydde til å kansellere første tur, men 1 time før tur til Svanøy med Staro Products var sertifikatet på plass.

Dette har vært ein lang marsj i motbakke, men vi har og sett ein massiv støtte, både frå einskildpersonar, bedrifter og det offentlege. Denne støtta har styrka trua på at vi er på rett veg. Ansvarlig for sjølve sertifiseringa har vært Idar Nordstrand og Rolf Grønnevik. Dei har tålt mange frustrasjonar dei siste dagane, men no er endeleg allt på plass.

Gratulerer til oss sjølve !!!!

Florø 05/05/00 

 

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.