Nyhende oktober  2001

Nytt lån

Også i år må A/L Atløy ta opp lån for å klare seg gjennom vinteren. Det gledelege er at vi i denne omgangen klarer oss med halvparten av det vi måtte ta opp førre år. Også i år stiller Sparebanken Flora Bremanger velvillig opp. I tillegg til dette vil Atløys Venner overføre 50.000,- (som er delar av overskot frå salet om bord) til A/L.

Vinteren skulle då være sikra.

Florø 31/10-01
Sander

Livbåt på styrbord side skal fjernast 

Det er liten plass på båtdekket, og dette dekket kan nyttast meir dersom den eine livbåten vert fjerna. Det er ikkje trong for livbåten som redningsutstyr, då det er nok flåtekapasitet. Styret I a/l vedtok i møte 31/10 å fjerne denne, og montere opne rekker i borde i staden. Slik vil ein få meir dekksplass. Når dette vert gjort, må krybber og alt anna som vert fjerna takast vare på, slik at ein ved trong kan sette livbåten opp at, slik at Atløy får autentisk utsjånad. Davitane skal stå att.

Florø 31/10-01
Sander

Rekka skal tilbakeførast

Styret i A/L vedtok i dag at rekka på framdekket skal skjærast bort, og at det i staden skal settast opp opne rekker, slik at båten får same linjer som då den gjekk ut av drift. Arbeidet vert utført når økonomien gjev rom for det, og skal gjerast på rett måte, dvs med smidde rekker

Florø 31/10-01
Sander

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.