Gammal slitar ut frå kai for siste gong
FLORØ: Den gamle frakte og passasjerbåten "Tansøy" blir etter helga avløyst av den nye kombibåten i Flora. Den vart døypt laurdag. Samme dag la den gamle slitaren i Florøbassenget ut på sin førebels siste tur.
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane overtok den nye kombibåten frå Lindstøl skipsbyggeri i Risør torsdag. Den skal ta over ruta for ”Tansøy” og "Hennøy” i det søre bassenget i Flora. Den nye kombibåten som skal døypast laurdag, har ein marsjfart på 25 knop i passasjerrute og 20 knop i gods og frakteruter. Den skal då kunne ta 81 passasjerar og seks til sju bilar.
Kva som vi skje vidare med ”Tansøy” er enno ikkje avklara.

- Må tenke nytt
Knut Stavøstrand har vore i Fylkesbaatane i 35 år og er no kaptein på ”Tansøy”. Han trur at Tansøy kan verte vanskeleg å erstatte.
- Tansøy er ein båt som passar godt i ruta den går, men det er på det reine at når ein båt er 40 år gammal så er det på tide å tenke nytt, seier han. Han legg til at for at det skal bli ei føremålstenleg frakterute så må det gjerast noko med kaiene på enkelte av stoppestadane.
- Kaiene på Svanøy, Tansøy og Askerova er det gjort lite med, seier kapteinen som trur dette må gjerast for at det skal kunne bli ein effektiv transport av bilar frå fastlandet og ut. Når det gjeld Tansøy si framtid håpar Stavøstrand at den gamle båten blir å sjå i distriktet også i åra framover.
- Båten er i tipp topp stand så den kan nyttast i mange år vidare, seier han og håpar at det er nokre i distriktet som ser interesse i veteranen.

Interesserte kjøparar
– Vi har kontakt med fire interessentar som vil ha båten. No er vi inne i forhandlingar og om vi får ein god nok pris så vil det vere feil av oss å ikkje selje, seier divisjonssjef i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Stig Kristoffersen. Interessentane kjem både frå inn og utland. Kven desse er vil ikkje Kristoffersen kommentere då dei for tida er i forhandlingar. Han legg likevel ikkje skjul på at det hadde vore ønskeleg for Fylkesbaatane å få båten på fart i Norge, slik at den i periodar kunne på nytt seila i gamle farvatn.
- Det har vore mange som har meint at Båten burde blitt eit verna farty, men når alt kjem til kokar det ned til eit spørsmål om pengar, seier han.
No skal ”Rognsøy Junior” som fram til no har gått i nordre sektor seljast. Vidare vurderer Fylkesbaatane sal av endå ein av dei mindre passasjerbåtane i flåten.
- Vi ser no på disponering av båtane i ein større samanheng. Etter Stamvegtunell opninga i indre Sogn, vil vi vurdere om det er grunnlag for drift av båtane våre internt i fylket. Om ikkje så må vurdere sal, seier Kristoffersen til Firdaposten.

Gods i skuletida
Den nye kombibåten vi utføre godstransport mellom skulerutene over heile Florabassenget. På kveldstid søndagar vil den også gå i gods og ferjerute i søre område. No har båten kapasitet på dagtid onsdag. Fylkesbaatane reknar for tida på om det skal kunne gjere seg å drive ei lønnsam godsrute til Bremanger og Måløy.
Laurdag klokka 12.00 var det dåpsseremoni der namnet på kombibåten vart offentleggjort. Frå 17.00 var båten open for publikum.

Firdaposten:

Publisert: 15.07.2000 - 09:59
Oppdatert: 16.07.2000 - 15:13
Velkjent slitar på siste tur
SLITAR: Etter 41 år i fart på kysten skal den gamle passasjer og fraktebåten ”Tansøy” byttast ut. Her glir han ut frå Fugleskjerskaia på ein av sine siste ruteturar.
Foto: Dag Frøyen

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.