Angrande syndar sende luke i posten
FLORØ: Etter at den gamle postluka på M/S "Atløy" hadde vore på vidvanke i 15 år, kom den tilbake via posten før nyttår. Med det er den komen heim att til det nyrestaurerte postkontoret i veteranbåten.
 Firdaposten   22.03.00   Av Jan Atle Stang


GLADE FOR POSTLUKA: Frå venstre Svein Lind-Hansen, Kjartan Tveranger og Erling Eliassen er glade for at den originale postluka om bord i M/S "Atløy" no er på plass igjen.
 Foto: Jan Atle Stang 

Den fine postluka i støypejern som hadde pryda ytterveggen på postkontoret ombord på M/S "Atløy" sidan båten kom i rute, vart stolen ein varm sommardag i 1985. Båten låg fortøydd ved Fylkeskaia då ein eller annan sneik seg bort og skrudde av den forholdsvis tunge luka i støypejern.

– Vi trudde ikkje våre eigne auge då vi merka at luka var borte, og aller minst trudde vi den ville komme til rettes att etter så mange år, seier ein av dei som segla med Atløy gjennom mange år, Erling Eliassen.

Utan avsendar
Men gleda var desto større då det viste seg at tjuven hadde angra syndene sine. Postluka vart i fjor sendt attende via posten. Og mottakaren var Kystmuseet.

– At det ikkje sto avsendar på pakken forstår vi godt, men det betyr ikkje så mykje no når den er komen til rette att, seier tre av karane som fleire gonger i veka er om bord i veteranbåten for å jobbe eller slå av ein prat, Svein Lind-Hansen, Kjartan Tveranger og Erling Eliassen.

Laga kopi
Nei, dei hadde ikkje trudd at luka ville komme til rettes att, og difor gjekk Erling i gang med å lage ein kopi i tre av den originale luka. Den kom på plass for eit par år sidan, og når sant skal seiast, var den svært lik den originale.

– Det får ikkje hjelpe at den er lik, den rette luka skal no på plass, seier Erling Eliassen.
Og når den gamle postlugaren no er komen attende til si rette form og postluka på plass, er ein viktig detalj av restaureringa i boks. Heile båten skal attende til den utsjånaden den hadde då den gjekk ut av ordinær rutetrafikk i 1974, så dugnadstimane er mange ennå. Men med den gode dugnadsånda og den gode sosiale atmosfæren som er om bord i dag, bør ingen tvile på at Florø og kysten vil få eit praktekspemplar av ein veteranbåt i framtida.

 

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.