Nyhende Januar  2002
STOCKHOLMSTUR ?

Ein av dei store turane til sommaren kan bli tur til Stockholm gjennom Göta kanal. Med på turen får vi kanskje M/S Granvin, og avgang vil bli ein gong i juli dersom interessa er til stades. Dette vil bli ein svært spanande tur, men er heilt avhengig av interesse. Å gå gjennom Göta kanal er ikkje billig, men det kan likevel hende at dette vil komme opp. Endeleg avgjerd vil bli tatt på årsmøtet., eller i samråd med Granvin.

Florø 27/1-02
Sander

ÅRSMØTE 26. februar

 Det vil bli halde Årsmøte for Atløys Venner 26/2  kl. 1800. Endeleg annonsering vil komme i Firdaposten. 

Florø 13/1-02
Sander

FRAMDANS
Tradisjonen tru vil vi arrangere Framdans i Samfunnshuset. I år blir 9de februar den store dagen, same helga vi har drivekurs. Lunde med venner vil stå for musikken. Overskotet frå dansen vil gå til turar med pensjonistar, og fortatt vedlikehald av Atløy.

Florø 13/1-02
Sander

KURS I DRIVING AV DEKK

Riksantikvaren har etter søknad løyvd kr. 15 000 til kurs i driving av dekk. Kurset er retta mot båtane Atløy og Svanhild, og inngår som ein del av kompetanse oppbygginga for å sikre godt vedlikehald av båtane i åra framover. Dekk må vedlikehaldast jamleg og dette er arbeid som må gjerast lokalt og når lekkasjar eller skadar oppstår.

Kystmuseet og Hardanger Fartøyvernsenter vil stå for dette kurset, og fem personar frå kvar båt stiller. Kurset vert halde ombord i Atløy fredag 8. februar og laurdag 9. februar. Kystmuseet organiserer alt utstyr som trengst, slik som bek, drev, drevjern, drevkøller, bekgryte, ause, bekhøne etc. Deltakarane må stille i antrekk som tolar å bli skittent.

Det er særs viktig at alle kursdeltakarar møter fram til kurset, slik at vi får "full valuta" for pengane frå Riksantikvaren. Dersom nokon skulle bli forhindra frå å møte, må dei straks gje melding til Reidar K. eller Sander Ø., slik at dei kan få tak i andre personar for å fylle ledige plassar.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Kystmuseet v/ Trond Strømgren, tlf. 57748295.

Florø 13/1-02
Sander

NY FJORDAFERD TIL NORDFJORD
Etter haustens suksess med Fjordaferd i Sogn, har det kome ynskje frå Nordfjord om same opplegg. For Kystmuseet vart dette ein stor suksess, med 2.800 besøkande. Også på denne turen stiller M/S Atløy opp. Om ein ikkje tener allverdens med penger, er det garantert god reklame for både båt og Kystkultur. Delar av turen skjer i samarbeid med 4H og skulane, og får vi like god respons som i Sogn vert dette strålande.

Avgang vil bli 17/4, og vi er tilbake tysdag 23/4. På turen innover Nordfjord vil ein gjere stopp på stadane Kalvåg, Rugsund, Bryggja, Davik, Ålfoten, Sandane, Hennebygda, Utvik, Innvik, Loen, Faleide, Dokset, Blakset, Hopland, Stårheim, Eid, Måløy, Selje, Barmen, Husevågøy og Svelgen. Også denne gongen vil ein ha med lokale varer, og bruke dette som bytemiddel inne i fjorden.

Har du lyst å være med, er vi svært glade for hjelp. Ta kontakt med Sander på 900 51 867 eller sander@firdaposten.no, så vil kontakt med prosjektet verte formidla.

Florø 13/1-02
Sander
KURS PÅ NUTEK
Norske Sjøfartsmyndighetar krev at alle norske offiserar og mannskap må oppgradere sine (eventuelle) STCW-78 sertifikat til STCW 95 innan 1.februar 2002. Først var vi svært usikre på korvidt vi ville klare dette økonomisk, og såg i det heile mørkt på sesongen. Etter ein del samtalar med Granvingjengen har vi no fått til eit fantastisk opplegg med Nutec i Bergen. Dei stiller opp kostnadsfritt, og vi reknar med at alle skal være oppgraderte med sertifikat før sesongen set inn. 

Totalt vil Atløys Venner haover 20 personar inne til slik oppgradering. Vi sparar 200.000,- på dette, og er imponert over velviljen til Nutec. Kursa vil bli gjennomført utover vinteren. Navigatørar vil fjølge vanlege kurs hos Nutec, medan det vil verte lagt opp særskilte kurs for dekk og maskin saman med Bergensgjengen. Besøk Nutec på www.nutec.no

Florø 13/1-02
Sander

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.