Nyhende August 2000

         Oljemesse i Stavanger 

Ei samla oljemesse i Florø ville i år lage ein ny vri på deltakinga si på oljemessa   og leigde inn Atløy til føremålet.

4 heile dagar låg vi til kai sentralt i Stavanger, og fungerte som representasjonsskip for dei firma som deltok i opplegget. Bistro 2 Kokker sytte for framifrå mat basert på råvarer frå distriktet, og Viktoria Hotell tok seg av fluidumet. Det seier seg sjølv at dette vart noko anna enn eit skarve plastpalass med flybridge.

 Kundane hadde fine dagar ombord g kunne traktere sine gjester på ein framifrå måte. Dei (og vi) fekk også svært god presse på opplegget. Faktisk var dei så fornøgde at dei reserverte Atløy for neste oljemesse, som går av stabelen om 2 år. 

Florø 27/08/00  

 

        Sommarens vakraste eventyr !!!

Atløy er akkurat tilbake frå Nordsteam, eit fantastisk arrangement. Frå innkomsten på Vågen med svarte kaier i folk både på Bryggesida og Nordnes til avslutningsmiddagen i Håkonshallen lørdag var dette verkeleg ei oppleving.

For dei fleste av oss var det stort å bli klappa inn Vågen av 50-60.000 frammøte tilskodarar. Det var ikkje mange auge som var tørre om bord då. Dagane gjekk elles med til besøk på dei andre fartøya, ein del småturar og omvising om bord. Kaiene var konstant fulle i folk, og somme tider måtte vi sette ut gangvakt for ikkje å sleppe om bord for mykje folk.

Faktisk verka det som om det var større interesse for Atløy enn for ein del av dei båtane som normalt høyrer til i Bergen. Over alle raga sjølvsagt gamle D/S Oster som kom inn Vågen for eiga maskin. Optimismen dei har er utan like, og dei har no kome så langt at båten ser ut slik den gjorde då den gjekk ut av rute. Vi gratulerer !!!  

Sjå også bilete frå festivalen

Florø 08/08/00
 

 

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.