Nyhende November 2000

A/L Atløy tar opp lån
For å betale siste rest av rekninga hos Halleraker Mekaniske, er A/L Atløy tvungen tiø å ta opp eit lån stort 75.000,- Lånet vil bli tatt opp hos Sparebanken Flora Bremanger, som også tidlegare har stilt opp i slike høve. Meininga er å betale tilbake så snart vi kan, seinast juli.  

Håpet og planen er at lånet må være innfridd før vi byrjar sesongen, slik at dette ikkje blir hengande med inn i neste sesong. For å få dette til må vi ha eit vellukka lotteri, og gjerne starte ein « tiggerunde » over jul når Florø-bedriftene har ferske budsjett.  

Florø 17/11/00

Salongen tar form.
Denne veka har fleire vore på besøk hos Hardanger Fartøyvernsenter. Måndag var Trond Strømgren nede for å avklare ein del detaljar, tysdag underteikna for å sjå på arbeidet.  

Arbeidet, som vert leia av Alf Storaas, går no for fullt. 4 mann er i arbeid. Dørk og kledning på skutesida er komen på plass. Storaas ser det som sannsynlig at arbeidet vil verte ferdig til avtalt tid ; 16 desember.  

Florø 17/11/00  

Lutefisk-kveld i Atløys Venner 08/12/00 
Tidlegare har vi hatt julebord kvart år før jul. Med prisar som startar på 400,- har vi i år bestemt oss for å endre litt på dette, slik at det i staden vert  Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren”. Blotet finn stad 8de desember klokka 1900. For dei som ikkje likar lutefisk er det og høve til å bestille juletallerken. Bistro To Kokker syter for maten, så her burde alt være på stell. Prisen er 160,- som dekker mat og leige av lokale. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv, men ein skvett akevitt bør absolutt være med. Bindande påmelding på 900 51 867 eller på leiar@atloy.no seinast innan 30.11.00.

Vi håpar så mange som råd, både aktive og ikkje finn vegen til Kinnhuset denne kvelden

Florø 09/11/00   

Videokveld 20/11/00
Etter førre styremøte hadde vi ei lita framsyning av videoen ”Dar kjem Dampen”. Dette skjedde fort, og ikkje mange fekk vite om kvelden. Vi satsar difor på nytt arrangement 20/11 frå ca 2100 på Hjørnevikbua.  
Dampskipet Oster vart bygd i 1908 for Indre Nordhordaland Dampskipslag. Fram til 1964 gjekk ho i fast rute langs Oster- og Sørfjorden. Ho kom seg gjennom to krigar, og då ho gjekk ut av rute i 1964 var ho den siste kolfyrte skuta som fortsatt gjekk i rute. Etter dette gjekk ho som frakteskip til fram på 90 talet under namnet VAKA: Deretter gjekk ho i opplagg for godt og var klar for opphogging.  

Men den gang ei. Ein gjeng entusiastar bestemte seg for å restaurerer den, og hadde som mål å ha klar båten utvendig til opninga av Nordsteam stemnet 3 august 2000. Dette klarte dei med naud og neppe. Filmen følgjer mannskap, dugnadsgjeng og passasjerar på jubelturen frå Salhus til Bergen/Vågn 3de august. Atløy var også med på dette stemnet, og fekk oppleve 50-60.000 klappande menneske på veg inn Vågen.  

Her er autentiske klipp frå då ho fortsatt gjekk i rute, billete frå arbeidet o.s.v. D/S OSTER var også bakgrunnen for landeplaga "Dar kjem Dampen" med Ivar Medaas. Songen vart eit symbol på ei tid som var over, då folk hadde betre tid og sjøreisa vart eit mål i seg sjølv. Ivar Medaas tar også del i filmen.

Florø 09/11/00

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.