Nyhende desember  2001

STORDANS I ROMJULA

Atløys Venner har i lengre tid hatt planar om å arrangere romjulsdans, men lokale har ikkje vore ledig. No vart det endeleg ein opning, og vi inviterer derfor til Stordans på Samfunnshuset laurdagen i romjula. Vi ventar mykje folk, då dei fleste vil p by`n for å treffe kjenningar som er heime i jula. Tradisjonen tru vil Lundes Trio stå for musikken, men dei vil også ha med seg Buskspellkara frå Bergen. Dansemusikken skulle derfor være sikra. Dørene opnar kl. 20.00. Bill 150,-

Florø 19/12-01
Sander

Salet av Atløy boka går over all forventning

og sel no betre enn fleire av dei andre lokale bøkene i julestria. For Atløys Venner er det svært gledeleg å sjå at interessa for boka er så stor. Dette vitnar om stor interesse for båten og kystkultur, og er ei vitamininnsprøyting for oss i laget.
 
Boka kan du no også bestille gjennom Atløys Venner på nettet. Send bestillinga di til sander@firdaposten.no, so sender vi henne rett til deg i oppkrav, fraktfritt. Prisen er den same som i bokhandelen, 248,- kroner."

Se og Firdapostens omtale av lanseringa.

Søknad til riksantikvaren
Andeslaget Atløy hadde sitt siste møte før jul tysdag 18/12. Viktigaste sak på møtet var gjennomgang og diskusjon om søknad til midlar frå Riksantikvaren til neste år.

For å sikre at den pågåande restaureringa av Atløy vert fullført på ein tilfredsstillande måte, søker A/L Atløy Riksantikvaren om ca. kr. 350 000 for året 2002. Bruken av midlane er skissert under. 
  •  Fullføre restaureringa av inventar i framskipet. Lage nye sete- og benkerammer i 2.plass salongen, stoppe og kle disse med brunt skinn. Sy avlange puter i skinn. Stoppe og trekke benk i maskinistlugar med grå plysj. Pris rammeverk er henta frå Hardanger Fartøyvernesenter og skinn/plysj, fjærer, filt, stopping, etc. frå Thune Møbeltapetsering. Totalt vert det søkt om kr. 183 141. 
  • I 1 pl røykesalong var det så lenge båten var i drift salongar i skinn. Desse vart på 80 talet sydd opp med plysj. Dette trekket er no på det næraste utslite, og det er behov for nytt. Her var det originalt ikkje fjører, men trekk over madrassar/puter. Prisoverslag er ikkje innhenta, men avtydinga er ca kr. 90.000,-
  •  I fôrskipet manglar framleis riktige leselamper. Det vert søkt om ein sum til dette
  • Under trappa frå byssa til brua var det før eit matskap. Dette vil ein prøve å få bygd opp att etter gamle teikningar. Også her vert det søkt om midlar.
  • "Atløy " hadde ope rekke på framdekket i heile si tid som rutebåt. Det var ope rekke akter til slutten av 1950-åra. "Atløy" vert no ført til bake slik den var i 1952. Dette får som konsekvens at rekkene for og akter igjen vert opne. Det må smiast nye septer til desse opne rekkene. Akter står anna kvart septer heilt opp under båtdekket. Dei korte septera er støypte, mens dei lange er smidde. Pris er innhenta frå smie på Torvund ved Lavik. Prisoverslaget gjev ein søknadssum på kr. 54 450. 
  • For masta vert det søkt om midlar til ny mastetopp, då den gamle etterkvart må skiftast ut.

Riksantikvaren har lenge vore ein aktiv støttespelar, og det er håp om at dei også i framtida spelar på lag med det aktive miljøet rundt Atløy. Aktiviteten er vår største styrke, og det å kunne vise til eit så høgt aktivitetsnivå som vi har, er ein klar fordel.

Innan rimelig tid vil vi måtte ta fatt på akterskipet. Randplanken i gangane skjuler ein del rust, og skal ein komme til for ein skikkelig jobb her er det nødvendig å rive garnering og himling. Skroget er sjekka på verkstad, og ein kan ikkje finne manglar ved dette. Vi bør likevel forberede ein storjobb, både økonomisk og "mentalt".

Florø 18/12-01
Sander

"Julegåve" til Atløy
Vi hadde sist sesong eit lengre opphald på slipp for å utbetre lekkasje rundt hylsa. Då hylsa var vel ute, synte det seg at taum frå fiske var årsaka til utette pakningar. Vi tok dette opp med forsikringsselskapet, og har no fått beskjed om at 25.000 av skaden er beretaiga for erstatning.

Vidare har vi mottatt 10.000,- i kulturmidlar frå Fylkeskommunen etter søknad frå Atløys Venner.

Florø 18/12-01
Sander

Atløy's venner's julebord fredag 14. desember.


Atløys Venner arrangerer også i år julebord for alle medlemmer. Årets store fest blir fredag 14. desember og tar til kl. 20.00 i Kinnkjellaren. All medlemmer er hjarteleg velkommen. På menyen står lutefisk, eller juletallerken for dei som ynskjer det. Pris 200,-/person. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv. Velkommen til peishygge og god mat blant gode vener !! Påmelding til Astrid Alsaker på telefon 957 01 739.

Kjøp av sjøtomt på kystmuseet?

Atløys Venner vurderer no å kjøpe ei eit mål stor tomt inne på Kystmuseet sitt område. Kommunen har forkjøpsrett på denne tomta, men vil transportere denne til oss dersom vi ynskjer det. Selgar er familien Rishovd. Tomta er planert, og det står allereie eit eldre naust på der. Søndag 9/12 vil styret ha befaring på området.

På området vil det kunne settast opp eit høveleg bygg til verkstad og lager, og det vil enkelt kunne late seg gjere å bygge kai slik at Atløy kan legge til. Området er immidlertid veirhardt, så det kan ikkje vert noko permanent vinterlagringstad.

 
Atløys Venner har i lengre tid arbeidd for ei permanent løysing sentralt i Florø i samband med det nye torget og Hellesenbua. Desse planane er ikkje skrinlagt, men det ser ut til å trekke ut. Det eine utelukkar allikevel ikkje det andre, dvs kjøp av denne tomta. Finansiering har vi sjølve, gjennom sparekonto til landbase.

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.